-lukker aldri barskapet
 
Whiskysmaking på Vestlandet
Dersom du befinner deg i Sogn og Fjordane 7.juni, kan være heldig å få være med på en litt annerledes whiskysmaking. Holken Single Malt Whiskylaug informerer.

26.05.2008
Tekst: onlymalts.com


I Holmedal har ein gjeng whiskyentusiastar skipa sin eigen interesseorganisasjon, Holken Single Malt Whiskylaug. Føremålet med lauget er både å auke kunnskapen om skotsk maltwhisky og å fremje kulturen og historia til grannefolket vårt i vest.

Dette skal whiskylauget gjere gjennom medlemsmøte, organiserte smakingar, føredrag og studiereiser.

- Når vi no har sikra oss Chris Mail til å halde smaking, veit vi at vi får besøk av ein av dei beste på området, seier leiar i whiskylauget, Per Arne Tveit.

- Vi satsar på eit lite og intimt arrangement, og har i første omgang gjort plass for 30 deltakarar, held Tveit fram.

Frå nabobygda kjem Dale Musikklag i kopien av Norges eldste bevarte bruksbåt - Bakkejekta. Det vert hornmusikk på kaia og sekkepipe på bygdepuben Holken i tillegg til sjølve smakinga. I Holken sin bar kan gjestane for tida velje mellom 60 ulike single malts.

- Vi har lagt spesielt godt til rette for whiskyentusiastar med eigen båt. Dei kan legge til 36 meter nyutlagde og solide gjestebryggjer eit steinkast frå puben. Helle Knivfabrikk ligg vegg i vegg, og prøver alltid å ordne det slik at gjestar som vil handle på fabrikkutsalet få høve til å gjere seg eit godtkjøp. Vi prøver også å ordne med standsmessig overnatting til langvegsfarande whiskyfolk i Sorenskrivargarden på Leitet. Då får ein fjordtur på Dalsfjorden i tillegg.

Tveit hevdar at eit slikt arrangement bør appelere både til eigne medlemmar, og til bransjefolk og entusiastar rundt om i fylket - god whisky må nytast, presenterast og seljast med engasjement og entusiasme, og på dette området har heilt sikkert Chris eit og anna å lære vekk til både barmedarbeidarar og barsjefar i Sogn og Fjordane, trur Tveit.

- At Chris Maile har framifrå kvalifikasjonar er det i alle høve ingen tvil om. Han er opptatt som ”Keeper of the Quaich” i ein seremoni på Blair Castle i Skottland den 3. oktober 2005. Dette er ei personleg ære som vert tildelt framståande ambassadørar for skotsk kultur og skotsk whisky. Dessutan spelar han sekkepipe i tillegg til sine inspirerande og engasjerte føredrag. Med andre ord så skulle det meste ligge til rette for ei kulturoppleving litt utanom det vanlege i Holmedal denne junikvelden, avsluttar Tveit.

Chris sjølv beskriv smakinga si på denne måten:

- Fortryllinga med maltwhisky ligg i samspelet mellom mangfald og harmoni. Den utfyller spekteret av motsetningar mellom mjuk og skarp, søt og torvaktig. Den har ein nydeleg kompleksitet og ein nesten uendeleg variasjon i aromaer og smakar som ingen anna brennevinsart kan måle seg med. Ved hjelp av Dave Brooms Flavour Map og 5 whiskyar kan eg vise nokre av dei meir kontrastfylte aromaene og gjere greie for korleis desse har oppstått gjennom produksjonsprosessen. Den 6. whiskyen får deltakarane sjølve plassere på smakskartet, og vinnaren får ein liten premie.

8.august lagar vi mini whiskyfestival med utstillingar, kulturinnslag og whiskycruise på Dalsfjorden. Festivalen kan kombineast med Jakob Sande - kveld ved Kobbeskjeret og teaterstykket Splint av Norvald Tveit spelt som natt-teater på utescena Kyrkjebakken i Askvoll. Whiskyfestivalen inngår som ei av våre "kulturopplevingar i fjordlandskapet" under Dalsfjordveka 1.-10. august i år. Sjå gjerne også innom heimesida vår www.holkenlaug.net

Påmelding skjer til per.tveit alfakrøll enivest.net eller mobilnr. 91589681. Prisen er kr. 300,- med kr. 50,- i rabatt for medlemmar i whiskylauget. Påmeldinga er økonomisk bindande etter 1. juni. Vi sender betalingskrav på epost. Smakinga startar kl. 19.00, men allerie kl. 18.00 startar vi forsiktig med kultur og aktivitet på kaia. Bilete frå Holmedal finn du i vedlagde rapport om whiskytreffet med Askøygutane 10 mai.

For mer informasjon sjekk www.holkenlaug.net

Hilsen Holken Single Malt Whiskylaug




Copyright 2008, onlymalts.com
Alt innhold, alle artikler og bilder er opphavsrettslig beskyttet. All uautorisert kopiering eller gjengivelse vil medføre inndynking av cask strength cognac og påfølgende ildpåsettelse.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du ønsker å benytte noe.